Detaljregulering Vigra næringspark nord - offentleg ettersyn

Komite for miljø- og tekniske saker (KMT) har i møte den 09.05.2019 vedtatt, med heimel i plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-10, å leggje forslag til detaljregulering for Vigra næringspark nord (sak KMT-040/19). Planforslaget med konsekvensutgreiing vert sendt til grunneigarar innanfor planområdet, naboar til planområdet, offentleg mynde og høyringsinstansar. Plandokumenta vert lagt ut under kunngjeringar på heimesida til Giske kommune, på facebook og i resepsjonen på rådhuset.

 

Dersom nokon ønskjer plandokument tilsendt på papir/elektronisk, ta kontakt med resepsjonen på rådhuset (tlf 70 18 80 00)

og gje opp referanse «17/811». Innspel og synspunkt vert å sende til Giske kommune, Teknisk eining, Valderhaug 4, 6050 Valderøya eller til; post@giske.kommune.no innan 08.07.2019.