Detaljregulering Joteigen - kunngjering av eigengodkjent plan

Giske kommunestyre har i møte den 22.04.2021, k- sak 024/21, i medhald av plan- og bygningslova (pbl) §12-12, eigengodkjent detaljreguleringsplan Joteigen (PlanID: 2018012). Varsel om eigengodkjent plan sendast offentleg mynde, rettshavarar, grunneigarar og naboar.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans, jf. pbl §§ 1-9 og 12-12 og forvaltningslova (fvl) kap. VI. Eventuell klage skal vere grunngjeven og sendast til post@giske.kommune.no eller til Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya. Hugs å oppgi k-sak-nummer. Frist for å klage er 3 veker frå det tidspunkt underretninga om vedtaket er kome fram til vedkommande part, jamfør fvl §§ 29-31.

Plandokument: GISLINE WebPlan 4.1.11