Detaljregulering for gnr 188 bnr 9 m. fl. Ytterland - Skjong - offentleg etteryn

Detaljregulering for gnr 188 bnr 9 m.fl. Ytterland – Skjong

Komite for miljø- og tekniske saker har i møte den 14.03.2019, sak KMT- 021/19, vedtatt med heimel i plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-10 å leggje forslag til detaljregulering for gnr 188 bnr 9 m.fl. Ytterland - Skjong ut til offentleg ettersyn.

Reguleringsendring Nordstrand – Oksneset B4

Komite for miljø- og tekniske saker har i møte den 14.03.2019, sak KMT- 028/19, vedtatt med heimel i plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-10 å leggje forslag til detaljregulering for gnr 183 bnr 69 m.fl. Nordstrand-Oksneset B4 ut til offentleg ettersyn.

Planforslaget med plankart og føresegner vert sendt til grunneigarar innanfor planområdet, naboar til planområdet, offentleg mynde og høyringsinstansar. Plandokumenta vert lagt ut under kunngjeringar på heimesida til Giske kommune, på facebook og i resepsjonen på rådhuset. Dersom nokon ønskjer plandokument tilsendt på papir/elektronisk, ta kontakt med resepsjonen på rådhuset (tlf 70 18 80 00) og gje opp referanse «17/513» for Ytterland-Skjong og «18/1028» for Nordstrand-Oksneset B4. Innspel og synspunkt vert å sende til Giske kommune, Teknisk eining, Valderhaug 4, 6050 Valderøya eller til post@giske.kommune.no innan 23.05.2019.