Detaljplan Synesvågen II - kunngjering av eigengodkjent plan

Giske kommunestyre har i møte den 20.05.2021, k- sak 065/21, i medhald av plan- og bygningsloven (pbl) §12-12, eigengodkjent detaljplan Synesvågen II (PlanID 2018008). Varsel om eigengodkjent plan sendast offentleg mynde, rettshavarar, grunneigarar og naboar.

Klikk for stort bilete 

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans, jf. pbl §§ 1-9 og 12-12 og forvaltningslova (fvl) kap VI. Eventuell klage skal vere grunngjeven og sendast til post@giske.kommune.no eller til Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya. Hugs å oppgi k-sak-nummer. Frist for å klage er 3 veker frå det tidspunkt underretninga om vedtaket er kome fram til vedkommande part, jamfør f l §§29-31.


Ein kan finne plandokumenta via kartet (velg kartlag "Reguleringsplaner"),
eller direkte i planregisteret ved å trykke her.
For andre dokument i saka, søk opp saksnummeret i innsynsportalen.