KrF størst igjen

Etter foreløpig opptelling er det Kristelig folkeparti som har fått flest røyster i Giske kommune.

Godøy og Alnes krins.

Til saman har dei fått 838 stemmer, noko som svarar til 20,2 prosent av stemmene. Høgre har fått 804 (19,4 prosent) og Framstegspartiet 766 (18,5 prosent).

Det er Framstegspartiet som har hatt størst framgang totalt sidan siste kommunestyreval med 7,5 prosent auke. Frp gjorde det spesielt godt i Godøy og Alnes krins der dei fekk 32,5 prsoent av alle stemmene.

  • Eg er glad for at vi også denne gongen vart det største partiet. No er det valstyremøte klokka 19 i kveld der vi skal vedta valresultatet og bekrefte kven som får faste plassar i kommunestyret. Så blir det drøfting i lag med alle partia i håp om å finne felles løysing for konstitueringar til ordførar, varaordførar og utvalsleiarar, seier ordførar Harry Valderhaug (KrF).  

Tverrpolitisk liste fekk 434 stemmer (10,5 prosent)

Arbeidarpartiet 362 (8,7)

Venstre 319 (7,7)

Senterpartiet 310 (7,5)

Industri- og Næringspartiet 189 (4,6)

Miljøpartiet de Grønne 118 (2,9)

Slengarar og ekstra stemmer blir først klare etter scanning av røystesetlane i løpet av tirsdagen. Det kan endre mandatfordelinga.

Men etter foreløpig opptelling er mandatfordelinga slik:

Kristeleg folkeparti 5

Høgre 5

Framstegspartiet 4

Arbeidarpartiet 2

Senterpartiet 2

Tverrpolitisk liste 2

Venstre 2

Industri- og næringspartiet 1

Miljøpartiet de Grønne 0

Den formelle konstitueringa av det kommunestyret skjer først den 19. oktober.  

  • Eg vil også få takke alle dei som har vore valfunksjonærar ute på lokasjonane, røystestyra og dei i administrasjonen som har jobba mykje med tilrettelegging både på valdagen og i samband med førehandsrøystinga, seier Valderhaug.

Endeleg valresultat kjem utover tirsdagen. 

Valresultat

Giske krins.