Bustadpolitisk plan 2025-2035 ut på høyring
Giske formannskap vedtok i møte den 23. januar å
leggje forslag til bustadpolitisk plan 2025-2035 ut på
høyring.
Giske kommune har for første gong utarbeida ein Bustadpolitisk plan. Kommunen er ein viktig aktør på bustadområdet, dette som tilretteleggar, eigar, leigetakar og pådrivar for bustadutviklinga i kommunen. Kommunen må difor ta ei større og meir aktiv rolle i bustadutviklinga i kommunen. Denne planen bidrar til det, men det er avgjerande at kommunen følger opp planen vidare i både andre kommunale planar, som kommuneplanen sin arealdel, men ikkje minst gjennom operasjonalisering av tiltak og handlingar som ligg i planen.
Bustadpolitisk plan er ein temaplan og eit strategisk styringsverkty for kommunen sin administrasjon og politikarar. Føremålet med bustadpolitisk plan er å etablere ein heilskapleg bustadpolitikk for Giske kommune som skal sikre at bustadutviklinga i kommunen blir heilheitleg, målretta og effektiv. Bustadpolitisk plan er eit verkty for å sikre forutsigbarheit og betre og meir koordinerte tenester på bustadområdet.
Formannskapet utsette behandlinga av saka i siste møte. Høyringsfristen blir derfor forlenga frå 17. februar til 3. mars.
Bustadpolitisk plan
Vi ber om at uttaler til bustadpolitisk plan (merk med Snr. 25/136)
blir sendt til post@giske.kommune.no eller til Giske kommune,
Valderhaug 4, 6050 Valderøya, innan 3. mars 2025.

Sist endra 07.02.2025 12.51