Kultur og fritid i Giske

I Giske har vi eit rikt og mangfaldig kulturliv, der dei mange frivillige laga og organisasjonane utgjer ryggrada, sjå adresselista (filvedlegg). Vidare kan vi nemne Alnes fyr og Giskespelet. I tillegg har vi mange profesjonelle utøvarar det kreative miljøet i Øydgardshamna, Galleri Ellingstova ved Rune Molnes og dei mange kunstnarane.

Giske kommune er eit ynda reise- og utfluktsmål for både innbyggjarar og tilreisande.

Organisasjonen Giske kommune har mange tilbod til innbyggarane våre: kulturskulen er samlokalisert med Valderøy barneskule i Øvstevegen, Frivilligsentralen ligg ved rådhuset medan du finn Giske folkebibliotek / biblioteket og allmenn kultur rådhuset, Valderhaug 4, 6050 Valderøya.

Du finn meir detaljar om dei ulike kommunale tenestene innanfor kultur- og fritidssektoren i Giske her på nettsidene våre.

Vennlegst meld inn ev feil i adresselista.

Publisert av Synnes Frode. Ansvarleg Synnes Frode. Sist endra 22.03.2017
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering