Vaksinering veke 39 og 40

Timebestilling og drop-in for vaksinering  

 

Vaksinesenteret i Giske kommune har vaksinering:

Veke 39, torsdag 29. september. Drop-in frå kl 17.00 -18.00.

Veke 40, torsdag 6. oktober. Drop-in frå kl 17.00 -18.00.

Desse gruppene er tilrådd ny oppfriskingsdose av koronavaksina (fjerde dose) no i haust:

  • Alle over 65 år
  • Personar mellom 18 og 64 år med auka risiko for alvorleg sjukdom ved covid
  • Ungdom i alder 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom (kontakt fastlege for avklaring)
  • Gravide i 2. og 3. trimester

Det bør gå minst 4 månader sidan siste vaksinedose og 3-4 månader etter gjennomgått covid-infeksjon før ein får oppfriskingsvaksina. 

Obs: Det kan bli litt ventetid ved drop-in, så vi oppfordrer til at du helst bestiller time for vaksinering. 

For vaksinebestilling: www.c19.no  eller ring Vaksinetelefon,  41 70 19 00, som har telefontid torsdagar frå kl. 11.00 - kl. 13.00.

Viktige lenker

Ukraina