Vaksinering for alle mellom 55 og 64 år

Det vert no opna opp for bestilling av vaksinetime for alle i gruppe 8, det vil seie 55-64-åringar. Legesenteret melder måndag føremiddag, 31. mai,  om at det framleis er fleire ledige timar denne veka. Tirsdag blir det lagt ut timar for neste veke for same aldersgrupper.   

Klikk for stort bilete 

Dei med fastlege i kommunen kan bestille time til vaksinering inne på www.helsenorge.no. Dei som bur i kommunen, men som har fastlege annan stad, går inn på www.giskelegesenter.no og nyttar tenesten Helserespons for å kontakte legesenteret om vaksinebestilling.

Vaksine

Oppdaterte vaksinetal (sjå meir under): Totalt 3.810 dosar er gitt i Giske kommune. 2.437 har fått første dose, av desse har no 1.373 personar også fått andre dose. Det er personar i aldersgruppa 55-64 år som får tilbod om vaksine no. Dette er gruppe 8 i prioriteringslistene til Folkehelseinstitutet (FHI).

Følg med vidare på kommunen sine heimesider og Facebook om koronavaksinering for oppdatering om kva aldersgruppe som kan bestille vaksine.

Ingen smitta

Vi har ingen nye tilfelle av påvist smitte i kommunen. Det er meldt ein del nærkontaktar i samband med smitte i Ålesund. Testaktiviteten har gått ned og kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen vil oppfordre fleire til å teste seg. Sjølv om mange av dei med størst risiko er vaksinert er det framleis veldig viktig å unngå stor spreiing av viruset i befolkninga. Alle med symptom, også milde symptom, må bestille test på www.covid19.no.

 

Indikatorer for covid-19 vaksinasjon

Totalt

Totalt antall administrerte doser

3 810

Personer vaksinert med 1.dose

2 437

16-44 år

435

16-44 år kumulativ andel

13,9 %

45-54 år

265

45-54 år kumulativ andel

24,4 %

55-64 år

367

55-64 år kumulativ andel

38,2 %

65-74 år

749

65-74 år kumulativ andel

96,1 %

75-84 år

452

75-84 år kumulativ andel

98,7 %

85+ år

169

85+ år kumulativ andel

94,9 %

Personer vaksinert med 2. dose

1 373

16-44 år

168

16-44 år kumulativ andel

5,4 %

45-54 år

88

45-54 år kumulativ andel

8,1 %

55-64 år

87

55-64 år kumulativ andel

9,1 %

65-74 år

416

65-74 år kumulativ andel

53,4 %

75-84 år

451

75-84 år kumulativ andel

98,5 %

85+ år

163

85+ år kumulativ andel

91,6 %