Stenging av alle barnehagar i Giske

Klikk for stort bileteMed auka smittefare har regjeringa beslutta seg å stenge alle skular og barnehagar i Noreg. Alle barnehagar i Giske vert stengt fom. fredag 13. mars. Dette gjeld både kommunale og private barnehagar.

Stenginga gjeld førebels til over påske.

Giske kommune i samarbeid med leiarane i barnehagane kjem likevel til å organisere eit tilbod med barnepass for barn av helsepersonell og andre med samfunnkritiske funksjoner. Dette er behov føresette må melde til styrar saman med ei stadfesting frå arbeidsgivar med namn, arbeidsstad og ei stadfesting på at stillinga er vurdert som ein samfunnskritisk funksjon.

I tillegg kjem vi til å organisere eit tilbod om barnepass til barn som har særlege omsorgsbehov. Dette er også behov som føresette må melde til styrar.

Vi oppmodar om at føresette prøver å finne ei anna løysing først, som t.eks. ha ulike arbeidstider, for å forkorte opphaldstid og begrense storleik på barnegruppene i barnehagen så mykje som mogleg for å redusere smittefare.