Opnar på raudt og gult nivå

Skulane opnar på raudt nivå etter påske. Det gjer også Giske barnehage. Dei andre barnehagane opnar på gult nivå.

Klikk for stort bilete Børge Sandnes  

Meir informasjon om kva dette inneber blir sendt ut frå den enkelte eining.

"Smittesituasjonen ser ut til å vere avgrensa og under kontroll etter omfattande testing. Det er derfor bestemt at alle barnehagane sett bort frå Giske barnehage opnar på gult nivå. Vi følger uansett situasjonen tett og gjer endringar dersom det blir påkrevd", seier kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen.