Nesten 700 vaksiner dei neste vekene

Giske kommune får 693 Pfizer vaksinedoser dei neste to vekene. Desse skal i hovudsak gå til dei med underliggande sjukdommar.

Klikk for stort bilete 

Per 29. april er det 1.978 personar folkeregistrert i Giske kommune som har fått første dose koronavaksine. 522 personar har fått to dosar.

Denne og neste veke vert gruppe 6, det vil seie dei som er i alderen 45 til 54 år med underliggande sjukdommar vaksinert.

Giske legekontor reknar også med å starte opp vaksinering av gruppe 7 neste veke. Det er dei i aldersgruppa 18 til 44 år med underliggande sjukdommar.

Underliggande sjukdommar:

  • Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon  
  • Immundempande behandling som ved autoimmune sjukdommar  
  • Diabetes  
  • Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroider eller steroidtablettar siste året.  
  • Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare 
  • Demens  
  • Kroniske hjarte- og karsjukdommar (med unntak av høgt blodtrykk)  
  • Hjerneslag