Nedjustert TISK frå mandag 27. september.

Nedjustert TISK. 

 

Frå måndag 27. september har det vorte bestemt at alle kommunane i landet skal innføre nedjustert TISK (testing, isolasjon, smittesporing og karantene). Målsetjinga er framleis å avgrene smittespreiinga, men med minst mogleg inngrep i kvardagen til den enkelte.

Med dette vert det overført ein del av ansvaret for å avgrensa smittespreiinga frå kommunen til befolkninga.

Det aller viktigaste tiltaket i denne perioden er at du held deg heime viss du er sjuk eller har symptom, og testar deg, barn (0-12 år) har eigne anbefalningar. Sjå flytskjema frå FHI.no:

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/befolkningen/hva_skal_du_gjore_ved_nye_luftveissymptomer/

Dette er det viktigaste du må vita om nedjustert TISK:

  • Det er framleis krav til at personar med påvist koronasmitte går i isolasjon.
  • Smittekarantene vil kun vere ei plikt for uvaksinerte nærkontaktar i same husstand og andre tilsvarande nære. Andre nærkontaktar vert oppfordra til testing og til å avgrensa sosial kontakt inntil negativt prøveresultat gjeld.
  • Testregimet for karantene for barn og unge under 18 år blir oppheva.
  • Det vil i stor grad bli brukt hurtigtester, fortrinnsvis sjølvtesting heime, som erstatning for djup naseprøve.
  • Store delar av smittesporingsarbeidet som i dag vert gjort av smittesporingsteamet vert overført til personar som testar positivt. Kommuen vil ha ansvar for å varsla dei nærkontaktane som har plikt til å gjennomføra smittekarantene, til dømes dei du bur med og dei andre nærkontaktane du oppgir som er utsett for mest smitta. 

Les meir om nedjustert TISK på nettsidene til Helsedirektoratet: https://www.helsedirektoratet.no/vegleiarar/koronavirus/testing-isolasjon-smittesporing-og-karantene/nedjustert-tisk