Koronaviruset: Når skal du kontakte lege?

Symptoma på sjukdommen er som ved andre luftvegsinfeksjonar (hoste, feber, sår hals, brystsmerter og pustevanskar) Kontakt fastlege eller legevakt på telefon viss du har slike symptom og 

 

Generelle råd:

  • Det er alltid viktig med god førebygging av smitte! For å hindre smitte bør du unngå å hoste eller nyse direkte på andre. Hold minst èn meters avstand til personar med luftvegsinfeksjonar, og nys/host i et papirtørkle som kastes etterpå
  • God handhygiene, både hos friske og sjuke, er viktig for å hindre smitteoverføring. Vask hendene ofte og grundig med såpe og lunke vatn, spesielt når du har vore ute blant folk. Handdesinfeksjon er et godt alternativ dersom handvask ikkje er mogleg. 
  • Heng opp plakatar med smittevernråd der kor folk ferdes! Du finn dei på Helsedirektoratets nettsider.

Alle råd og fakta om koronaviruset finn du på Folkehelseinstituttets nettsider.

Til deg som jobbar i helse- og omsorgstenesta

Alle tilsette i helse- og omsorgstenesta i Giske kommune som har vore i områder med vedvarande spreiing av koronavirus skal være heime frå jobb i 14 dagar etter heimkomst. Dette er i tråd med anbefaling frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.
Du har rett til sjukemelding. Det gjeld også dersom legen din ikkje veit sikkert om du er smitteberar. Les meir sjukemeldingar i forbindelse med koronavirus på nav.no

Hensikta med sjukemeldinga er å redusere risikoen for smitte til pasientar og tilsette i helse- og omsorgstenesta. Helse- og omsorgstenesta er spesielt sårbar for smitteutbrot som kan ramme utsette pasientgrupper. Rådet har tilbakeverkande kraft for reisande som har komme heim etter 17. februar.