Mange i karantene

Dei siste dagane har mange frå Giske blitt sett i karantene fordi dei er nærkontakter til personar som er smitta.

Klikk for stort bilete 

Mandag var det 168 slike karantener. I tillegg kjem dei som er i det som heiter «ventekarantene». 

Ein kan ikkje minne sterkt nok på kor viktig det er at alle fylgjer opp reglane for karantene og ventekarantene. Dette er viktig for at vi alle skal komme best mogleg gjennom denne korona-pandemien.