Vaksine for alle i Giske frå neste veke

Neste veke opnar Giske legesenter opp for gruppe 11 (25-39 år), det vil seie at alle som ønsker det, og som er busett i Giske kommune, no kan få vaksine.

Klikk for stort bilete 

Ein bestiller digitalt  for vaksine via helsenorge.no. Dette gjeld dei som skal ha fyrste dose. Når ein loggar inn vil ein kunne velge mellom tre timebøker. Ein kan bestille time på alle tre. Din angitte time vil vere knytt opp mot fastlegen sitt namn. Timen gjeld framleis vaksinering.

Time til 2. dose vil bli tildelt. Ein får då sms med dato og klokkeslett. Det står ikkje spesifikt kva timen gjeld.

Om du ikkje har fastlege her i kommunen, kan du kontakte legesenteret via Helserespons. Trykk på legetime ikonet- velg annet eller send sms til 2097; GISKELEGE fødselsdato, ditt navn, hva det gjelder.

Når du har fått time til vaksinering er det viktig at du møter opp presis på angitt tidspunkt. Bruk hovedinngangen. Ha på deg korterma overdel. Etter vaksinasjonen skal du vente i gangen i 20 minutter for observasjon. Når du skal forlate legesenteret kan du nytte utgangen i andre enden av lokalet (legevaktsinngangen)

STUDENTAR SOM FLYTTAR TIL STUDIESTAD ANDRE STADER I NOREG ELLER TIL UTLANDET ETTER SOMMAREN FÅR VAKSINE PÅ HELSESTASJONEN