Vaksinasjonsstatus koronavaksine i Giske kommune

Det er sett totalt 6669 koronavaksinedosar i Giske kommune til no.

Klikk for stort bilete 

4420 personar har fått fyrste dose, av desse har 2249 personar også fått andre dose med vaksine.

Knapt 90 % av innbyggarane mellom 65 og 74 år er fullvaksinerte. For dei eldre aldersgruppene er over 90 % fullvaksinerte.

Over 90 % av alle i aldersgruppene 55 år og eldre har fått fyrste dose med vaksine.

I aldersgruppa 45-54 år har 82 % fått fyrste dose. 66,7% av dei som er mellom 40 og 44 år har fått fyrste dose, 25% av dei mellom 25 og 39 år og 64,8% av dei mellom 18 og 24 år er også vaksinert med fyrste dose.

Viss tal på vaksiner som blir levert i sommar ikkje blir endra vil vi ha gitt tilbod om fyrste dose av vaksina til alle seinast i veke 30. Dette gjeld alle som blir 18 år eller eldre ila 2021.

Alle som skal ha koronavaksine kan bestille denne inne på www.helsenorge.no om dei har fastlege i Giske kommune. Andre må gå inn på www.giskelegesenter.no og nytte Helserespons for å kontakte legesenteret.

Det er 12 veker mellom dose 1 og dose 2. Timen til 2.dose skal ikkje bookast. Alle vil få tilsendt time på sms.