Oppdatering om vaksineringa

Tal på vaksinerte som har fått første dose er no 2.902 personar. Av desse har 689 også fått andre dose.

Klikk for stort bilete 

Dei aller fleste med alder 65+ er no vaksinert med minimum ein dose koronavaksine. Dette betyr at dei fleste av dei med auka risiko for alvorleg sjukdom ved koronasmitte er beskytta.

Vaksinegrad i dei ulike aldersgruppene (første dose):

85+: 94,4%

75-84: 98%

65-74: 95,5%

55-64: 30,8%

45-54: 20,1%

16-44: 10,8%

Denne og neste veke kjem det få vaksiner, og berre Pfizervaksiner. Dei fleste av desse går til andre dose. Det nærmar seg vaksinering for gruppe 8 som er aldersgruppa mellom 55 og 64 år utan tilleggssjukdom eller risiko. Det kjem meir informasjon når dette er klart.