Opnar vaksinering for to nye aldersgrupper

Neste veke opnar Giske legesenter for vaksinering av gruppe 10, alder 18-24 år og 40-44 år.

Klikk for stort bilete 

Aldersinndelinga følger alderskohortane per år, dvs at personar født i samme år tilbys vaksine samtidig.

Alle som er fødd i 2003, altså som er 18 år eller fyller 18 år i år, kan no bestille vaksine på helsenorge.no.  

Ein bestiller digitalt  for vaksine via helsenorge.no. Dette gjeld dei som skal ha fyrste dose. Når ein logger inn vil ein kunne velge mellom tre timebøker. Ein kan bestille time på alle tre. Din angitte time vil vere knytt opp mot fastlegen sitt namn. Timen gjeld framleis vaksinering.

Time til 2. dose vil bli tildelt. Ein får då sms med dato og klokkeslett. Det står ikkje spesifikt kva timen gjeld.

Om du ikkje har fastlege her i kommunen, kan du kontakte legesenteret via Helserespons. Trykk på legetime ikonet- velg annet eller send sms til 2097; GISKELEGE fødselsdato, ditt navn, kva det gjeld.

STUDENTAR SOM FLYTTER TIL STUDIESTAD ANDRE STADER I NOREG ELLER TIL UTLANDET ETTER SOMMAREN FÅR VAKSINE PÅ HELSESTASJONEN

Denne gruppa kan ringe helsestasjonen for avtale om time til koronavaksinering. Ring 908 57 820.

For dei som skal til utlandet vil vi tilpasse så godt som mogleg for at studenten får begge dosar før dei må reise.

Når du har fått time til vaksinering er det viktig at du møter opp presis på angitt tidspunkt. Bruk hovedinngangen. Ha på deg korterma overdel. Etter vaksinasjonen skal du vente i gangen i 20 minutter for observasjon. Når du skal forlate legesenteret kan du nytte utgangen i andre enden av lokalet (legevaktsinngangen).