Digital bestilling av koronavaksine

Giske legesenter går no over til digital bestilling for vaksine via helsenorge.no.

Klikk for stort bilete 

Dette gjeld dei som skal ha første vaksinedose. Time til andre dose vil bli tildelt. Dei som ikkje har fastlege i kommunen, må bestille time på Giske legesenter. 

I veke 22 vil det vere dei som er født i 1957-58-59 som kan reservere vaksine. Timane vert lagt ut onsdag 26.05 klokken 09.00. Din angitte time vil vere knytt opp mot fastlegen sitt namn. Timen gjeld framleis vaksinering.

Bestill her. 

Når du har fått time til vaksinering er det viktig at du møter opp presis på riktig tidspunkt. Bruk hovedinngangen. Ha på deg korterma overdel. Etter vaksinasjonen skal du vente i gangen i 20 minutter for observasjon. Når du skal forlate legesenteret kan du nytte utgangen i andre enden av lokalet (legevaktsinngangen).