Kan vaksinere opp til tusen i veka

Kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen opplyser at dei har kapasitet til å vaksinere 1000 personar i veka på legekontoret dersom dei får nok tilgang på vaksiner.

No kan du ta influensavaksina - Klikk for stort bileteNo kan du ta influensavaksina Børge Sandnes  

«Vi skal klare å utføre dette på legekontoret på dagtid, men blir det fleire enn tusen må vi sjå på om vi også må ta i bruk lokala her på kveldstid og helg», seier Sommerdalen.

Det kan også vere aktuelt å vaksinere ved den lokale teststasjonen ved rådhuset og på helsestasjonen dersom det kjem mange vaksinedosar samstundes.

Frå neste veke (veke 4) får Giske vaksiner til dose to for dei som fekk første dose i veke 1. Av dosene  framover vil 20 prosent gå til helsepersonell. Resten går til dei prioriterte gruppene.

I Giske bur det 150 personar på 85 år og eldre som skal få vaksine.

Etter dette blir det dei som er 75-84 år. (400-450 personar)

Vidare blir det dei som er 65 år og eldre, og dei som er under 65 som er definert å vere i risikogruppe.

«Vi ser på løysingar for å kalle inn dei aktuelle gruppene etter kvart. Vi har lister over alle innbyggarar, ingen treng å melde seg eller setje seg på venteliste, sier Sommerdalen.»