Kan sporast tilbake til Toldboden

Smitteutbrotet på Subsea 7 er også knytt til restaurant Toldboden i Ålesund. Totalt 21 personar er smitta, 17 tilsette i Subsea 7 og i tillegg fire frå Ålesund.

Klikk for stort bilete 

Det er testa nesten 300 personar både i Giske og Ålesund knytt til denne greina av smitteutbrotet. Smittesporing og testing pågår framleis. Det har vore eit krevjande arbeid. Giske kommune har hatt eit godt samarbeid med Ålesund for å få oversikt over smittesituasjonen.

Alle smitta er sett i isolasjon, nærkontaktar i karantene og andre i ventekarantene. Cirka 150 av Subsea 7 sine tilsette er anten i isolasjon eller karantene.

Nokre av dei smitta har hatt kraftige symptom og nokre har milde symptom.