Giske legesenter startar med vaksinering av oppfriskningsdose koronavaksine i veke 46.

Oppfriskningsdose koronavaksine

 

Ei oppfriskningsdose er ei vaksine til personar som har hatt god effekt av dei to første vaksinedosane, men som over tid får dårlegare beskyttelse mot å bli alvorleg sjuk eller dø om ein blir smitta med koronaviruset.

Det er alle født i 1956 og eldre som no får dette tilbodet.

Ein kan bestille time digitalt via https://www.helsenorge.no/. Når ein loggar inn vil ein kunne velge mellom fire timebøker. Alle tre kan nyttast.

Om ein ikkje har fastlege i kommuna, kan ein sende sms til 2097 eller bestille via heimesida http://giskelegesenter.no/ . Trykk på legetime ikonet-velg annet.

Det er også mulig å ringe 482 75 390 kvar dag mellom klokka 14.00-15.00.

Når du har fått time til vaksinering er det viktig at du møter presist på angitt tidspunkt. Ha på deg korterma overdel. Etter vaksinasjon skal du vente i gangen i 20 minutt for observasjon.