Giske kommune vil slutte å legge ut smittetal
Giske kommune vil slutte å legge ut smittetal for koronavirus på nettsidene.
Tala for koronasmitte som kommunen får inn er ikkje lenger riktige. Det blei registrert 304 sjølvtestar i veke 9.
Alle som har testa positivt på sjølvtest må halde fram med å registrere seg.
Positiv sjølvtest? Gå inn på Giske kommune sine nettsider for å finne link til registrering og meir informasjon.
Råd om testing er uendra.
Kvifor er ikkje tala riktige lenger?
Barn og unge vil bli smitta utan at dei veit det, sidan dei ikkje lenger er tilrådd å teste seg.
Barn og unge treng no ikkje lenger å teste seg sjølv om dei har symptom eller er eksponert for smitte.
Mange vil ha smitte i kroppen utan å merke det sjølv. Omikron gir ofte veldig mild sjukdom eller ingen symptom.
Publisert 07.03.2022 13.39