Forlengar lokal forskrift til fredag

Ålesund, Sula og Giske har i dag bestemt å forlenge den lokale forskrifta fram til midnatt fredag 28. mai.

Klikk for stort bilete 

Dette er spesielt knytta til ein uoversiktleg smittesituasjon i Ålesund. Giske og Sula har vedtatt å følgje same vedtak som Ålesund i og med at dette er ein felles bu- og arbeidsregion.

– Det er for tidleg å kome med lette no. Smittesituasjonen er framleis uoversiktleg, og det kjem nye nasjonale reglar. Vi må avvente utfallet av desse, seier ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal.

Frå torsdag 27. mai opnar Noreg meir opp og går over til trinn 2 på gjenopningsplanen. Kommunane Ålesund, Sula og Giske vel å vidareføre den lokale forskrifta fram til midnatt fredag 28. mai. Kriseleiingane i kommunane vil møtast fredag og diskutere kva tiltak som skal gjelde vidare.  Dei vil spesielt ta omsyn til smittesituasjonen, kapasiteten i helsetenesta og vaksinering i sine vurderingar vidare.

Framleis skjenkeforbod og påbod om munnbind

Det blir framleis skjenkestopp på restaurantar i kommunane. I tillegg er det framleis påbod om både heimekontor og bruk av munnbind der ein ikkje kan halde minst ein meter avstand.

Ålesund kommune har fleire vidaregåande skular på raudt nivå og vil i tillegg vurdere situasjonen på barne- og ungdomsskulane og kome med oppdatert informasjon om kva slags nivå skulane skal vere på ut i frå smittesituasjonen blant barn og unge.  

Lokale råd i tråd med dei nasjonale (bokmål)

Sula, Giske og Ålesund har lokale råd i tråd med dei nasjonale råda for kommunar med smittetrykk på nivå med vårt (Tiltaksnivå B):

  • Man bør ikke ha flere enn fem gjester i eget hjem. Det oppfordres til å møtes utendørs.
  • Antallet kontakter gjennom en uke bør ikke overstige 10 personer ut over nødvendige kontakter i jobbsammenheng, husstandsmedlemmer og barnehage- og skolekohorter.
  • Det bør holdes 2 meter avstand i møte med andre personer i risikogrupper, og i situasjoner der smitterisikoen antas å være høyere (f.eks. ved fysisk aktivitet med høy intensitet, synging eller roping).
  • Alle bør unngå reiser som ikke er nødvendige. Reise til arbeid må anses som nødvendig. For de aller fleste vil det likevel gjelde krav om hjemmekontor.
  • Bosatte i kommunen anbefales å benytte lokale kjøpesentre/varehus.
  • Bosatte i kommunen kan dra til fritidsbolig, men bare sammen med personer i egen husstand. Gjør alle innkjøp i egen kommune før avreise. Ikke oppsøk butikker, serveringssteder eller møteplasser med mange mennesker i hyttekommunen. Hold god avstand til andre i skiløypa, skitrekket og på gåtur. Sjekk hvilke råd og regler som gjelder for hyttekommunen, og følg dem. Ikke ta imot besøk.
  • En-til-en virksomheter, for eksempel frisører, bør innføre forsterkede tiltak som bruk av munnbind i situasjoner der det ikke er mulig å opprettholde 1 meters avstand eller å redusere eller midlertidig fjerne behandlingstilbud som innebærer nær kontakt ansikt-til-ansikt.

Forlenging av gjeldande forskrift fram til og med 28. mai (midnatt)

Lokal forskrift om tiltak for å førebygge koronasmitte(Covid-19) i Giske kommune i Møre og Romsdal:

Heimel: Med heimel i lov av 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsame sjukdomar § 4-1 første leddbokstav a og c, jf. Kommunen sitt delegeringsreglement, jf. kommunelova § 11-8 (hastesaker), vedtek Giske formannskap i dag, 25.05.2021, forlenging av lokal forskrift om tiltak for å førebygge spreiing av covid-19 i befolkninga. Forskrifta har verknad til 28.05.2021 kl 24.00.

§ 1. Føremål

Formålet med forskrifta er å hindre eller avgrense spreiing av SARS CoV-2 i ein periode der ein treng å stabilisere situasjonen etter periode med store smitteutbrot.

§ 2. Verkeområde

Forskrifta gjeld for alle som oppheld seg i Giske kommune.

§ 3. Forhold til anna lovverk

Reguleringa i dette vedtaket kjem i tillegg til dei reguleringar som følgje av lov, nasjonale forskrifter og andre lokalt fastsette tiltak mot smitte. Ved motstrid mellom denne forskrift og nasjonalt regelverk, går forskrifta framfor fråvikelege reglar i lov og nasjonal forskrift.

§ 4 .Antall personer som kan være til stede på et arrangement

Selv om kravene til avstand i § 13c blir oppfylt, skal det ikkje gjennomførast arrangement med fleire personar som samtidig er fysisk til stades enn:

a. 10 personar innandørs eller 20 personar utandørs på privat sammenkomst som regulert i § 13 første ledd bokstav f, likevel slik at barn i samme kohort i barnehage eller barneskule kan møtast med eit nødvendig antall vaksne personar som tilretteleggere.

b. 10 personar på innandørs arrangement som regulert i § 13 første ledd bokstavene a til e, likevel

1. 50 personar der alle i publikum sitter på faste, tilviste plassar.

2. 25 personar på idretts- og kulturarrangement for utøvarar under 20 år som tilhøyrer same kommune.

c. 100 personar på utandørs arrangement som regulert i § 13 første ledd bokstavane a til e, likevel 300 personar der alle i publikum sitter på faste, tilviste plassar.

Ved arrangement der det er meir enn 100 personar til stades samtidig, skal dei som er til stades fordelast i grupper med inntil 100 personar. Det skal heile tida vere minst to meter avstand mellom gruppene.

Grupper med inntil 100 personar kan skiftast ut i løpet av arrangementet, dersom det vert gjort på ein smittevernfagleg forsvarlg måte og det ikkje er kontakt mellom dei

Følgende personar skal ikkje reknast med i det totale antallet personar som kan vere til stades på arrangement:

a. tilsette og oppdragstakere som står for gjennomføring av arrangementer

b. utøvande kunstnarar ved gjennomføring av kulturaktivitetar i regi av en profesjonell aktør

c. toppidrettsutøvarar, støtteapparat og dommarar ved gjennomføring av idrettsarrangement

d. spelarar, støtteapparat og dommarar ved gjennomføring av seriekamper i toppfotball (fotballserier) som Norges Fotballforbund har besluttet er klare til å følge forbundets smittevernprotokoller utarbeidet i samarbeid med Helsedirektoratet.

e. journalistar, fotografar og øvrige representantar frå media som er nødvendig for å sikre medidekning av arrangementet.

Ved arrangement angitt i § 13c tredje ledd bokstav f inngår alle som er til stades, inkludert utøvarar og støtteapparat, i berekningen av det totale talet personer.

§ 5. Påbod om heimekontor

Arbeidsgivarar skal sørge for at tilsette arbeider heimanfrå så langt det er praktisk mogleg. Arbeidsgivarar skal kunne dokumentere at det er gitt beskjed til dei tilsette om korleis dette skal gjennomførast i verksemda.

§ 6. Skjenkestopp

Serveringsstader som har skjenkebevilling etter alkoholloven kapittel 4 og 5 skal ikkje utøve skjenkebevillinga.

§7. Plikt til å bruke munnbind

Når det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand, ut over kortvarige passeringar til andre enn husstandsmedlemmar, skal det brukast munnbind i butikkar, i fellesareal på kjøpesenter, på serveringsstader, i trus- og livssynshus, på kollektivtransport og innandørs stasjonsområde, og i lokale for kultur-, sports- og fritidsaktivitetar.

Passasjerar skal bruke munnbind i taxi. Munnbindet skal takast på før passasjeren set seg inn i taxien, og skal ikkje takast av før reisa er avslutta og passasjeren har gått ut av taxien. Plikt til å bruke munnbind gjeld tilsvarande for sjåfør når det er passasjer i taxien.

Plikta til å bruke munnbind i første ledd gjeld tilsvarande for tilsette på stader der det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand frå besøkande. Dette gjeld ikkje tilsette på stader der det er sett i verk andre tiltak mot smitte for dei tilsette som bruk av visir, skiljeveggar o.l. i samsvar med Folkehelseinstituttets tilrådingar.

Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsakar ikkje kan bruke munnbind.

§ 8. Ansvar

Giske kommune tar ikkje på seg økonomisk ansvar som følge av pålagde tiltak.

§ 9. Straff

Forsetteleg eller grovt uaktsam overtreding av reglane i denne forskrifta, straffast i samsvar med smittevernloven § 8-1.

§ 10. Ikraftsetjing

Forskrifta trådte i kraft 18. mai kl. 24.00 og gjeld no fram til 28. mai kl. 24.00.