Får ikkje svar

Etter to positive Covid-19 prøver dei siste vekene vart det sendt inn prøver til Folkehelseinstituttet (FHI) for analyse i høve til mutert virus. 

Klikk for stort bilete  

I dei to tilfella var det snakk om importert smitte frå Storbritannia. Kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen opplyser at dei no har fått tilbakemelding og at FHI har hatt problem med undersøkinga av prøvene frå Giske.

Dei to som fekk påvist smitte var i karantene og vart begge sett umiddelbart i isolasjon. 

"Sidan det ikkje er teikn til at tilfella vil føre til utbrot vil vi difor ikkje få svar på om det var mutert virus eller ikkje", seier Sommerdalen.