Brev om tredje vaksinedose

Det er sendt brev til alle personar over 65 år som er folkeregistrert i Giske kommune med informasjon om tredje dose med koronavaksine. Brevet er sendt digitalt til digipost, eboks eller Altinn.

 

Dei som

  • ikkje brukar Altinn,
  • dei som har reservert seg for digital post
  • eller som ikkje opnar det digitale brevet i Altinn innan tre dagar

får brevet tilsendt som  vanleg brevpost.

Digipost og eboks må lesast digitalt. Brevet innheld informasjon om timebestilling.

Korleis bestille time for vaksinering?

  • Det beste er om du logger inn på www.helsenorge.no og bestiller time. Der finn ein fire timebøker som heiter Koronavaksine Boosterdose. Alle fire kan nyttast
  • Om du ikkje har fastlege her i kommunen eller har problem med å reservere time digitalt:
    • Gå inn på http://giskelegesenter.no/  - Der kan ein bestille time ved å trykke på legetime-ikonet. Du skal velje «annet»
    • Eller send SMS til 2097; GISKELEGE fødselsdato, namnet ditt og kva det gjeld
  • Ein kan og ringe 482 75 390 kvar dag mellom klokka 14.00-15.00. Unngå å bruke sentralbordet til Giske legesenter.

Vaksineringa blir som tidlegare gitt ved Giske legesenter.

Koronavaksinene er gratis.

Hugs at det må gå omlag 6 månader mellom andre og tredje dose.