Bestill tid til Korona-test

Polski 

Det er viktig at du bestiller time før du møter opp til testing.

Testkriteriar for koronavirus. 

  1. Alle med nyoppstått luftveisinfekjsoner eller andre symptomer på covid-19
  2. Smittesporing:
  • Nærkontakter ved start og avslutning av karantene
  • Ved utbrudd; utvidet testing av andre kontakter
  • Personer som får varsel i «Smittestopp»
  1. Innreise:
  • Obligatorisk testing på grenseoverganger
  • Test 7 døgn etter ankomst
  1. Smittevernfagleg vurderingar:
  • Ved flytting/innlegging i enkelte helseinstitusjonar
  1. Alle som sjølv mistenkar at dei er smittet av Covid-19.

Slik bestiller du koronatest

Koronatestingen er gratis, men i nokre tilfelle krev utanlandske studiestader, arbeidsgivarar eller andre land framlegg av negativ attest. Slike testar blir ikkje dekte av det offentlege. Ta då kontakt med bedriftshelsetenesta på arbeidsplassen din eller andre private aktører. 

 

  • Gå til https://c19.no 
  • Trykk på «Bestill tidspunkt for testing» og logg inn med digital ID, til dømes BankID.
  • Fyll ut skjemaet. Merk at du også kan bestille testing på vegne av andre.
  • Når du har sendt inn skjemaet blir du tildelt første ledige tidspunkt for testing. Det er ikkje mogleg å bestille fram i tid. 
  • Du får opp ei kvittering på bestillinga di. Merk deg kvar og når du skal møte opp. Kvitteringa inneheld også andre opplysningar som det er viktig at du leser. I kartet under ser du kvar du skal køyre og vente når du skal testast.
  • Teststasjonen i Giske er lokalisert ved sidan av Frivillighetssentralen på Valderøya. Adressa er: Valderhaug 12, 6050 Valderøya.
  • Om du ikkje har høve til å bestille test elektronisk, kan du ringe vakttelefon på tlf 41701931 mandag - fredag mellom kl.10.30-12.00 for å avtale testing. 
  • Er du alvorleg sjuk og treng øyeblikkeleg hjelp?  Ring legevakt tlf. 116 117
  • Står liv og helse i fare? Ring tlf. 113