Anbefalar munnbind på buss

Oppmodar om munnbind på skuleskyss. 

Klikk for stort bilete  

Kommuneoverlegen i Giske, Anne-Line Sommerdalen, oppmodar reisande om å bruke munnbind i kollektivtransport dersom det ikkje er mogleg å halde tilstrekkeleg avstand. Oppmodinga går også til elevar, spesielt i vidaregåande skular, som tek skulebuss der ein ikkje kan halde avstand.

Ein skal framleis unngå trengsel og halde avstand når det er mogleg. Barn skal ikkje bruke munnbind.