Ålesund, Sula og Giske innfører ny lokal forskrift frå midnatt 26. april

Måndag 26. april innfører kommunane Ålesund, Sula og Giske igjen ei strengare lokal forskrift som følge av koronasituasjonen. 

Bakgrunnen for dette er eit større korona-utbrot med basis i Ålesund, men og med forgreiningar til Giske. Ålesund kommune har no det høgaste smittetrykket sidan pandemien starta i mars 2020.

Klikk for stort bilete 

Dei nye, og strengare reglane gjeld i denne omgang frå midnatt 26. april til midnatt 9. mai. Avhengig av smittesituasjonen kan dette verte justert begge retningar.

Smittesituasjonen  er uoversiktleg og vi ser ein dramatisk auke sidan onsdag førre veke. Det er viktig å få kontroll og oversikt over situasjonen, og vi må sette inn tiltak raskt på eit høgt nivå. Dette er i samråd med kva Statsforvaltaren og FHI rår oss til, seier kommuneoverlege i Ålesund, Olav Mestad og kommuneoverlege i Giske, Anne-Line Sommerdalen..


Forskrifta fører til stenging av blant anna treningssenter, skjenkestopp av alkohol, og forbod mot arrangement.

Det er og knytt klare reiseråd og råd om svært redusert sosial kontakt til dei reglane som no gjeld.

 

Kvifor ikkje strengare tiltak på skolar og barnehagar?

Kommunen har vore i dialog med FHI og Statsforvaltaren som ikkje tilrår å sette skolar og barnehagar på raudt nivå som eit førebyggande tiltak. Kommunen vil gjere målretta tiltak mot dei skolane der det oppstår smitte og sette skoleklassar i karantene, og eventuelt innføre raudt nivå på aktuelle skolar. 

  • Vi er svært urolege over den smittespreiinga som skjer blant dei unge og ber spesielt desse passe ekstra godt på at reglane vert etterlevd, seier ordførar Harry Valderhaug.
  • Ålesund kommune er i god dialog med russen og dei har flytta sin feiring til  perioden 15. juni- 1. juli, dersom smittesituasjonen ikkje tilseier noko anna. Den lokale forskrifta er tydeleg på at arrangement/samlingar for russen ikkje er lov no.
  • Som ordførar vil eg innstendig be alle om å etterleve smittevernreglane og råda som helsestyresmaktene våre har gitt. Dersom ikkje alle no tek ansvar kan det få alvorlege helsekonsekvenser for oss alle, seier ordfører Valderhaug.

Sjå den lokale forskrifta og pressekonferansen i eiga sak.