75 til 84-åringar får vaksine i desse dagar

Arbeidet ned vaksinering går sakte, men sikkert framover.

No kan du ta influensavaksina - Klikk for stort bileteNo kan du ta influensavaksina Børge Sandnes  

No er 394 innbyggarar i Giske vaksinert med dose ein, og 115 har fått dose to. Total 509 doser er sett her viser nasjonalt vaksineregister. Vaksineringa har så langt i hovudsak gått føre seg på omsorgssentra og på legekontoret.

Neste veke kjem også 100 vaksinedoser som er øyremerka helsepersonell. Det er AstraZeneca-vaksinen som har ein litt meir usikker effekt for personar over 65 år. Desse blir difor nytta til helsepersonell og ikkje til risikogruppene.

Kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen opplyser at i veke 8 og 9 kjem det berre vaksiner til dose to, så det vil ta litt tid før nye personar får innkalling til vaksinering. 

Det er ikkje nødvendig å ringe til legekontoret for å bestille time. Den som skal kallast inn får sms eller blir oppringt.