Skjenkeløyve

Dei som driv ein serveringsstad der det vert servert alkohol må ha både serverings- og skjenkeløyve. Vanlegvis gjeld skjenkeløyvet for ein kommunestyreperiode, det vil seie 4 år, medan serveringsløyve er evigvarande.

Alle eksisterande skjenkestader i kommunen må søkje på nytt kvart fjerde år om skjenkeløyve. Nyetableringar må søkje om skjenkeløyve før oppstart av verksemda.

Søknad om skjenkeløyve skal opp til politisk handsaming med unntak av ambulerande løyve som rådmannen har delegert mynde til å avgjere..

Ambulerande skjenkeløyve

Du kan søkje om ambulerande skjenkeløyve om du ønskjer å servere alkoholhaldig drikk mot betaling i eit slutta selskap.

Du treng ikkje ambulerande skjenkeløyve om du har eit privat arrangement og gjestene har med seg alkoholhaldig drikk eller du serverer alkohol utan betaling.

Ambulerande skjenkeløyve -

  • Gjeld slutta lag, det vil seie at ein på førehand veit kven som skal vere med på arrangementet

  • Ein person må vere ansvarleg for skjenkinga

  • Søknaden må innehalde stad for arrangementet, kva som skal skjenkast og ønskt skjenketid

  • Eit gebyr på kr 350,- vert kravd inn i forkant av arrangementet.

Skjenkeløyve for eit enkelt høve

Skjenkeløyve for eit enkelt høve gjeld arrangement som er opne for publikum. Kommunen vil i slike saker innhente uttale frå lensmannen og sosialtenesta.

Du brukar same søknadsskjema som ved ambulerande skjenkeløyve.

Publisert av Henrik Wang. Sist endra 17.01.2017
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering