Næringsutvikling - å starte eigen bedrift

hoppid-logo.jpg - Klikk for stort bilete

Næringskontoret i Giske har som hovudoppgåve å vere kontakt mellom næringsdrivande og dei kommunale kontora i næringssaker.Næringskontoret er også sertifisert som "hoppid.no- kontor" med rettleiing for etablerarar og nystarta bedrifter i kommunen.

Hoppid-kontoret er del av eit fylkesdekkjande nettverk med omlag 30 hoppid-kontor i kommunane, knytt til næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylke. Hoppid-kontoret gjev råd og vink til dei som ønskjer å etablere eiga verksemd, knyt kontakt opp mot profesjonelle rådgjevarar og driv med generell næringsutvikling.

Giske kommune har eiget "hoppid-fond" der etablerarar kan søkje støtte frå - sjå meir under.

Det finst ei rekkje statlege støtteordningar for oppstarting av verksemd gjennom lån og tilskot til investeringar, og etablerarstipend til den einskilde. Nokre kommunar har også eigne, lokale næringsfond. Reglar for statlege stipend- og støtteordningar finn du på nettsidene til Innovasjon Norge. Sjå også eksterne lenkjer i høgre meny-marg.

Har du ein god ide til å etablere eigen arbeidsplass eller eiget firma, kan næringskontoret hjelpe med å søkje støtte. 

Hoppid-fondet er for etablerarar med forretningsidear i ein tidleg fase. Tilskotet skal nyttast til aktivitetar som kan avklare problemstillingar kring organisering, marknadspotensiale, lønsemd og andre spørsmål som kan avgjere vidare framdrift for bedriftsetableringa. Maksimal støtte er for tida 30.000 kr.

Publisert av Henrik Wang. Sist endra 22.07.2015
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering