Næringsfond

Ønskjer du å starte eige firma eller bedrift og har ein god idè, kan du søkje om støtte frå kommunen sine næringsfond. Er det større kostnader ved etablering eller investeringar (over 300.000 kr) skal slike søknader gå til Innovasjon Norge.

I Giske kommune er det tre næringsfond:

  • Kommunalt næringsfond for etablerarar og bedrifter: Styrkje nyskaping, innovasjon og næringsutvikling, til infrastruktur eller tilrettelegge komm. næringsareal

  • Hoppid-fond for etablerarar i startfasen: Til marknadsavklaring. Maksimal støtte kr 30.000.

  • Fylkeskommunalt næringsfond for bedrifter og etablerarar: Styrkje nyskaping, innovasjon og næringsutvikling.

For å søkje må du ha ein forretningsplan og budsjett som gjev ei oversikt over kva du vil lage/ tilby, inntektsgrunnlag, kostnader og finansiering.

Reglar og søknadsskjema for næringsfond i Giske ligg i høgre menyfelt.

Reglar og søknadsskjema for fylkeskommunalt næringsfond ligg på nett: https://www.regionalforvaltning.no  

Publisert av Henrik Wang. Sist endra 23.11.2015
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering