Etablerarprøve

Ynskjer du å starte ein serveringsstad, må du eller den som skal vere styrar, ha bestått etablerarprøva for serveringsverksemd. Når du ynskjer å ta prøva kontaktar du Servicetorget eit par dagar før, og får gjort avtale om tidspunkt. Det kostar kr. 400 å ta prøva, og du får fleire forsøk dersom du ikkje greier prøva første gongen. 

Læremiddel

Det kan vere lurt å lese gjennom lærehefte før du tar prøva. Dette kan du kjøpe direkte frå www.vinn.no

I tillegg til lærehefte kan du og kjøpe tilgang til elektronisk test.

Bevis på bestått prøve skal ligge ved søknad om serveringsløyve. 

Publisert av Henrik Wang. Sist endra 30.06.2015

Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering