Nærings- og arbeidsliv

Subsea 7 - rørlasting.JPG - Klikk for stort bilete Giske er tufta på fiske, fangst og handel grunna nærleiken til havet og dei gode fiskeria ved og utanfor Mørekysten. Det er nær 1.400 registrerte firma med adresse i Giske kommune. Ca 300 er aksjeselskap og 500 firma er registrerte i Foretaksregisteret.

Giske har stor folketalsvekst og er populært blant unge familiar. Giske er del av ein felles arbeidsmarknadsregion der Ålesund er den kommunen som mange pendlar til, men mange har også arbeid i Sula, Haram og Ulstein.

Næringsstruktur


nesbakk3.jpg - Klikk for stort bilete Fiskerinæringa er viktigaste næringsgrein i Giske kommune med nesten 1/3 av alle sysselsette på land eller sjø, dessutan har mange arbeid i tenesteytande næringsgreiner.

Giske har også ei overvekt av sysselsette innanfor transport/ samferdsel: Mange har arbeid ved Ålesund Lufthamn Vigra som er den største flyplassen mellom Bergen og Trondheim med 1 million reisande.

Omsetning


Dei omlag 8.300 innbyggarane i Giske handlar varer for om lag 350 mill kr eks mva. årleg. Seinare år er det bygt fleire nye eller utvida kjøpesentra som har auka omsetninga, spesielt i daglegvare- sektoren. 

Byggvarehandelen har også god omsetnad med kunder frå heile Sunnmøre.

Satsingsområde

 

Gjøsund næringsområde - Klikk for stort bileteGjøsund næringsområde H.M.Valderhaug I Giske kommune vert det satsa på å tilretteleggje areal for industri- og næringsverksemd - spesielt ved flyplassen som er Porten for Sunnmøre (PDF, 169 kB), og ved Gjøsundet mellom Valderøya og Vigra som no vert lagt til rette for å bli nasjonal fiskerihamn.

Gjennom arbeidet med prosjektet "Porten til Sunnmøre", kommuneplanen og strategisk næringsplan er det fokus på dei viktigaste næringsareala i kommunen.

Strategisk næringsplan 2016-25 (PDF, 859 kB)har fire satsingsområde:

  • Fiskerikommunen Giske
  • Infrastruktur/ transport
  • Matkommunen Giskje
  • kreative næringar, identitet og omdømme
Publisert av Henrik Wang. Sist endra 12.07.2017
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.

Kontaktpersonar

nærings- og utviklingssjef
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering