Beredskap og tryggleik

Her finn du informasjon om beredskap, krisehandtering og verneplikt.

Det er nødetatane som skal kontaktas ved behov for utrykning:

Nødtelefonar:
Politi: 112
Ambulanse: 113*
Brann: 110
Legevaktsentral* 116117

 

 

 

* MERK: Nytt tlf.nr. til legevakta:

Frå 1. september 2015 vart det sekssifra telefonnummeret 116117 (uttala: hundreogseksten-hundreogsytten) landsdekkjande legevaktnummer.

Det betyr at du, uavhengig av kvar du oppheld deg og uansett tid på døgnet, vil kome fram til legevaktssentralen der du er når du ringer dette nummeret.

116117 skal fungere både frå fasttelefon og mobil og er gratis å bruke.

Grunngjevinga for eit felles nummer er blant anna at det er lettare å huske og enklare å bruke når ein er ute å reiser eller flyttar.

Beredskapsplan

Giske kommune har beredskapsplaner med rutiner og instruksar som rettleiar ved krisesituasjonar eller katastrofer. Sjå lenke til overordna beredskapsplan i høgre menymarg.

Beredskapssystemet i Giske er slikt oppbygt:

Beredskaps-struktur - Klikk for stort bilete Kommunestyret med samla, overordna ansvar og mynde.

Beredskapsleiinga er sett saman av kommuneleiinga og fagpersonell.

Beredskapsrådet er rådgjevande organ med beredskapsleiing og eksterne etatar.

Stabstøtte er administrative hjelpefunksjonar i krisesituasjonar.

Kriseteamet er fagpersonell som kan rykke ut ved behov - sjå også informasjon under.

Krisehandtering

Giske kommune har eit kommunalt kriseteam med personar med ulik fagbakgrunn. Kriseteamet si oppgåve er å sørgje for at innbyggjarane får naudsynt oppfølging og hjelp i krisesituasjonar. Informasjon ligg i vedlagte beredskapsplan.

Brann og forureining

Giske kommune er del i eit interkommunalt samarbeid mot akutt forureining gjennom Ålesund Brannverndistrikt (IUA Sunnmøre) som på kort varsel skal rykke ut ved brann, trafikkuhell, redning på sjø og vatn, oljesøl og andre akutte samfunnsoppgåver.

Målsettinga er å sikra menneske, dyr, miljø og materielle verdiar.

Verneplikt

Noreg har såkalla almenn verneplikt. Basert på vedtak gjort av Stortinget vert eit bestemt tal vernepliktige kalla inn til førstegongsteneste kvart år.

Lenke til Det Norske Forsvaret.

Publisert av Reidunn V. Strømsheim. Sist endra 16.06.2017
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering