I samband med all graving skal Giske kommune kontaktast for avklaring om tiltaket er i konflikt med kommunale planar eller leidningsanlegg.
Det skal søkjast om graveløyve for:
- all graving i kommunalt areal
- arbeid innanfor 3 meter frå kant av veg/gangveg
- arbeid innanfor 4 meter frå anna kommunal teknisk anlegg
- arbeid innanfor vegen sin fyllingsfot eller skjæringstopp
- arbeid i regulert vegareal
- boring/pressing gjennom veg
Normalvilkår for graveløyve og Betalingsregulativ for gravesøknad er tilgjengeleg på følgjande lenkjar:
GRAVEARBEID I OFFENTLEGE VEGAREAL GISKE KOMMUNE
GEBYR OG BETALINGSSATSAR 2020 FOR GISKE KOMMUNE
Det er ikkje eit krav om innlogging for dette skjemaet, men dersom du ønskjer å lagre skjemaet for seinare bruk, kan du logge deg inn ved å klikke "Logg inn" øverst til høgre i skjemaet. Du kan velje om du vil logge deg inn med ID-porten, eller e-post innlogging. For å sjå på lagra, logg på "Min side".