Frivillig ordning med leksehjelp for elevar i 5. - 7. klasse

Leksehjelpa skal vere frivillig, og gratis for alle elevar som ynskjer å nytte ordninga.

Før de tek stilling til om dette er aktuelt for dykkar barn kan det vere greitt å vite litt om bakgrunnen for at regjeringa ynskjer å setje i verk tiltaket:

Målsettingane med leksehjelpordninga:

  • auka læring
  • betre trivsel og helse for alle elevar
  • tiltak for å utgjevne sosiale forskjellar
  • eit målretta tiltak for elevar og foreldre som ynskjer støtte i læringa
  • eit ledd i strategien om tidleg innsats og betre læring

Praktisk gjennomføring ved Godøy skule:

Det er viktig å presisere at det framleis er foreldra som har hovudansvaret for at barna har gjort leksene sine, og får nødvendig oppfølging med skulearbeidet. 

Ressursar skulen har til leksehjelp er ein fagarbeidar / assistent som har som har ansvar for ei gruppe med inntil 20 - 25 elevar. Dette betyr i praksis at vi ikkje kan love kontroll av om leksene er gjort ferdig, eller kvaliteten på arbeidet. 

Dette kan elevane gjere på leksehjelp:

  • lekser som dei klarer på eiga hand
  • skuleretta aktivitetar som lesing, skriving, rekning og teikning.

For å kunne planlegge tilbodet er skulen avhengig av forpliktande påmelding. Vi ber difor om at de som foreldre/ føresette svarer på melding med skjema som blir sendt ut på Transponder Meldingsbok,  innan fristen.