5. klasse 2025/2026

I 5.klasse er vi 19 elevar, 10 jenter og 9 gutar.

I klassa vår er vi snille, aktive, ofte tullete, litt rare på ein fin måte, kule, ganske smarte, og vi har eit stort konkurranseinstinkt. Av og til er vi litt urolege, det er fordi vi har så mykje energi. Vi likar å finne på mykje ilag i friminutta.

Vi har mange ulike interesser, t.d. turn, fotball og discgolf.

Av og til kranglar vi, men vi prøvar så godt vi kan å ikkje gjere det. Vi øvar også på å seie fine ting til kvarandre.

Vi er flinke til å lese og teikne, og vi likar å helpe kvarandre viss nokon har det vondt eller er lei seg. 

Helsing ei av dei beste og morsomaste klassene i universet 😊

Artikkelliste