Vi er 17 jenter og 8 gutar i klassa vår. Det blir 25 elevar til saman!
Vi er gode klassevenner, og vi vil at alle skal ha det trygt og godt i klassa vår.
Første veka i 3.klasse laga vi klassereglar, og dei skal vi prøve å vere flinke til å fylgje.
Alle vaksne synes det er kjekt å vere i klassa vår fordi vi er så greie.
Vi likar å leike, lærarane våre, klassebamsane våre som heiter Dina og Diego, kroppsøving, å feire bursdgane våre, matematikk, å få karameller, kunst og handverk, stasjonsarbeid, uteskule og lesekafé.
Vi har ei krukke der vi samlar klinkekuler. Vi får klinkekuler når vi er flinke til å jobbe eller gjer noko fint for kvarandre.
Vi har ein draum om å få overnatte på skulen!