2. klasse 2025-2026

Vi er 7 jenter og 10 gutar i 2. klasse, totalt 17 elevar.

I 2. klasse er vi glad i mykje. Vi synest det er kjekt å arbeide med fag, blant anna faga kroppsøving, naturfag, matematikk og kunst og handverk. I tillegg er vi glade i å leike og danse, og vi trivst godt når vi er ute. Vi synest det er kjempekjekt med uteskule, spesielt når vi går til gapahuken.

Kvar fredag har vi noko som heiter «DISKOFREDAG» i 2. klasse. Då får vi danse til bra musikk med diskolys som lyse opp klasserommet. Dette synest vi er kjempegøy!

I klassa vår har vi to klassebamsar, Trampe og Trampoline. Dei er med på alle aktivitetar som vi gjer i klasserommet. Vi kan støtte oss til dei når vi synest noko er vanskeleg eller om vi treng litt trøst. Kvar helg får Trampe og Trampoline vere med nokon frå klassa heim, noko vi synest er stas.

I 2. klasse er vi gode klassevennar!