Transponder SMS

Transponder er Godøy skule sitt sms-system som er eit tovegs SMS kommunikasjonssystem. Transponder gir god og sikker kommunikasjon mellom heim og skule.

Systemet kan brukast til følgjande:

  • Sende melding ved sjukdom, tannlegetimar osb.
  • Ta imot viktige påminningar og endringar frå skulen
  • Skulen kan sende varsling ved uforutsette hendingar
  • Generelle meldingar mellom kontaktlærar og foreldre

Meldingar blir i hovudsak behandla i ordinær arbeidstid. Det er viktig at meldingane vert sendt i god tid på morgonen, helst før kl. 8.00, slik at lærarane kan lese dei før undervisninga startar.

Slik brukar du Transponder SMS

 

Last ned appen Transponder SMS

Her kan du motta og sende meldingar. 

Android: lenke Google Play

iOS: lenke App Store

Sende SMS til kontaktlærar

Skal du til dømes melde frå om sjukt barn, sender du ein SMS til 59 44 66 53 med teksten: «Ola er sjuk i dag.» Meldinga går då direkte til kontaktlærar. 

NB! Ikkje skriv namn og etternamn som signatur på meldinga. Då vil den gå til alle lærarar som er knytt til ditt namn. Sensitiv informasjon skal heller ikkje skrivast i meldingar. 

Ta imot SMS frå skulen

Skulen sender ut ein del beskjedar som gjeld alle elevane på skulen eller einskilde klassar. Det er derfor viktig at skulen får beskjed om eventuelle endringar av mobilnummer. Sendte SMS vert loggført med dato, tid, telefonnummer og innhald. Vi har på den måten full oversikt over all kommunikasjon som er sendt til og frå skulen.

Etter gjeldande reglar frå Datatilsynet, er det berre skulen som har tilgang på denne informasjonen, og den vil ikkje delast med utanforståande. Ein skal likevel vere klar over at alle lærarar har innsyn i Transpondermeldingane som går til og frå skulen, så ein bør ikkje skrive sensitive opplysningar som berre kontaktlæraren skal lese.

Transponder er eit gratis og frivillig tilbod frå skulen. Føresette kan når som helst velje å ikkje delta. Vi oppmodar likevel alle føresette til å vere med, for å lette kommunikasjon mellom heim og skule.