Permisjon frå skulen

Opplæringa er arbeidstida til elevane, og ho skal respekterast. Stort fråvær er uheldig for borna si opplæring. Prosedyrer knytt bekymring rundt stort fråvær finn du her. (PDF, 166 kB)

Likevel hender det at ein ønskjer å reise eller ha fri i skuletida. 

Kontaktlærar kan etter søknad gi permisjon inn til to dagar. Når elevar er borte frå skulen utan at foreldra på førehand har avtalt permisjon reknast dette som ugyldig fråvere.

Ein elev kan søkje om permisjon i inntil 10 dagar, til saman, i løpet av eit skuleår. 

Skulen har eigne skjema for søknad om permisjon som går over meir enn to dagar.

Søknadsskjema finn du her.

Søknadsskjemaet vert sendt til rektor som fattar eit enkeltvedtak på fråværet.  Rektor tar i dette vedtaket stilling til om det er forsvarleg at eleven er borte frå skulen i denne perioden. Søknadane skal vere grunngjevne, og gjelde for ein elev. Søsken må ha kvart sitt skjema.

Når foreldre har felles foreldreansvar, men ikkje bur saman, kan den av foreldra som barnet bur fast hos søkje om permisjon. En slik søknad krev ikkje enighet mellom foreldre. Dersom barnet har delt bustad, må avgjersla om å søkje permisjon takast i fellesskap.