Permisjonsreglar for skulane i Giske kommune.
Opplæringa er arbeidstida til elevane, og ho skal respekterast. Stort fråvær er uheldig for borna si opplæring. Høgt skulefråvær er ein høg risikofaktor for det vidare skuleløpet for barn og unge. Prosedyrer knytt bekymring rundt stort fråvær finn du i kommunen sin plan Kvar dag gjeld. Planen kan lastast ned her
Likevel hender det at ein ønskjer å reise eller ha fri i skuletida.
Kontaktlærar kan etter søknad gi permisjon inntil tre dagar. Dette skal gjerast i god tid på førehand i Transponder.
Når elevar er borte frå skulen utan at foreldra på førehand har avtalt permisjon reknast dette som ugyldig fråvere.
Ein elev kan søkje om permisjon i inntil 10 dagar, til saman, i løpet av eit skuleår.
Skulen har eigne skjema for søknad om permisjon som går over meir enn tre dagar.
Søknadsskjema finn du her.
Søknadsskjemaet vert sendt minst 4 veker i førevegen til rektor som fattar eit enkeltvedtak på fråværet. Rektor tar i dette vedtaket stilling til om det er forsvarleg at eleven er borte frå skulen i denne perioden. Søknadane skal vere grunngjevne, og gjelde for ein elev. Søsken må ha kvart sitt skjema. Les permisjonsreglane nøye.
Når foreldre har felles foreldreansvar, men ikkje bur saman, kan den av foreldra som barnet bur fast hos søkje om permisjon. En slik søknad krev ikkje enighet mellom foreldre. Dersom barnet har delt bustad, må avgjersla om å søkje permisjon takast i fellesskap.