Permisjon frå skulen og føring av fråvere

Opplæringa er arbeidstida til elevane, og ho skal respekterast. Likevel hender det at ein ønskjer å reise eller ha fri i skuletida. At elevar er mykje borte frå opplæringa, er eit stort problem både for elevane og for skulen.

Dersom foreldra syter for nødvendig undervisning i permisjonstida, har eleven rett til permisjon på heilagdagar i trussamfunnet. Skulen kan òg elles gje ein elev fri frå grunnskuleopplæringa i inntil to veker. Føresetnaden er at det er forsvarleg å gje han eller ho fri. I denne vurderinga kan det vere relevant å leggje vekt på om eleven får opplæring i permisjonstida.

Dersom eleven har fråvere som ikkje er gyldig eller godkjent, og foreldra er skuld i fråveret, kan dei straffast med bøter. Det gjeld både når fråveret skriv seg frå at foreldra ikkje har vore aktive i saka, og når dei aktivt har halde borna borte frå skulen.

Når elevar er borte frå skulen utan at foreldra på førehand har avtalt permisjon reknast dette som ugyldig fråvere.

Skulen har eigne skjema for søknad om permisjon for elevar. Søknadsskjema finn du her.

Skjemaet skal brukast for fråvere på meir enn to dagar. Søknadsskjemaet vert sendt til rektor. Kontaktlærar kan etter søknad gi permisjon inn til to dagar. Desse søknadane skal også vere grunngjevne.

 

Føring av fråvere på vitnemålet

Frå og med 8. årstrinnet skal alt fråvere førast på vitnemålet. Fråvere skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.

Eleven eller foreldra kan krevje at årsaka til fråveret blir ført på eit vedlegg til vitnemålet. Dette gjeld berre når eleven har lagt fram dokumentasjon på årsaka til fråveret.

For inntil 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan eleven krevje at følgjande fråvere ikkje vert ført på vitnemålet:
a) dokumentert fråvere som skyldast helsegrunnar
b) innvilga permisjon etter opplæringslova § 2-11.

For at fråvere som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvere som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvere frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvere etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvere strykast frå og med første fråversdag.  

Henta frå Opplæringslova § 3-41.Føring av fråvær i grunnskolen