Kontakt skule - heim

Oppdatering av kontaktinformasjon til heimen

For å sikre at kommunikasjonene mellom heim og skule kjem fram er det viktig at vi har riktig kontaktinformasjon.

Oppdater kontaktinformasjonen på IST - føresette - pålogging via BankID.

Transponder Meldingsbok

Godøy skule har teke i bruk ei ny digital meldingsbok for kommunikasjon mellom skule og heim. Den nye løysinga heiter Transponder Meldingsbok og kan lastast ned som app i App Store og Google Play. Søk der etter «Transponder Meldingsbok». I tillegg kan tenesta nyttast frå nettlesar.

Transponder Meldingsbok skal erstatta:

  • Papirmeldebok
  • SMS til lærar sin privattelefon
  • Fråværsmailar til lærar/skule sin e-post
  • All annan skriftleg kommunikasjon mellom skulen og heimen

Transponder Meldingsbok kan òg nyttast til:

  • At føresette gjev korte meldingar til lærar(ar)/skule
  • At lærar(ar)/skule sender korte meldingar til føresette
  • At lærar/skule sender samla meldingar/skjema til alle føresette
  • Påmelding til aktivitetar og anna

Ved pålogging første gong via ID-porten sikrar me eit høgt nivå av tryggleik for både føresette og tilsette. Alle som loggar seg inn i sine eigne ungar sine meldingsbøker, ser kven som til ei kvar tid kan lesa og skriva i bøkene. Logg deg rett inn i appen og akseptèr push-varsler for å halda deg oppdatert i sanntid eller bruk Transponder i nettlesar frå https://www.transponder.no/meldingsbok/ .

Meldingar blir i hovudsak behandla i ordinær arbeidstid. Det er viktig at meldingane vert sendt i god tid på morgonen, helst før kl. 8.00, slik at lærarane kan lese dei før undervisninga startar.

NB! De får ikkje registrert fråvær tilbake i tid. Då må de sende melding til kontaktlærarane i Transponder slik at dei kan registrere dette i systemet. 

Last ned appen Transponder Meldingsbok

Her kan du motta og sende meldingar. 

Android: lenke Google Play

iOS: lenke App Store