Fritak og KRLE-faget

Nye lovbestemmelsar om fritak frå aktivitetar og faget religion, livssyn og etikk gjeldande frå 01.08.08

Stortinget har 12. juni 2008 vedtatt endringar i opplæringslova, med verknad frå 01.08.08 som bl.a. inneber en ny §2-3 om ”fritak frå aktivitetar m.m. i opplæringa” og §2.4 om ”undervisninga i faget religion, livsyn og etikk.”
 

Lenke til søknadsskjema.

 

§ 2-3a.  Fritak frå aktivitetar m.m. i opplæringa
       Skolen skal vise respekt for elevane og foreldra sine religiøse og filosofiske overtydingar og sikre retten til likeverdig opplæring.
       Elevar skal etter skriftleg melding frå foreldra få fritak frå dei delar av undervisninga ved den enkelte skole som dei ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av ein annan religion eller tilslutning til eit anna livssyn, eller som dei på same grunnlag opplever som støytande eller krenkjande. Det er ikkje nødvendig å grunngi melding om fritak etter første punktum.
       Det kan ikkje krevjast fritak frå opplæring om kunnskapsinnhaldet i dei ulike emna i læreplanen. Dersom skolen på eit slikt grunnlag ikkje godtek ei melding om fritak, må skolen behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova.
       Skolen skal ved melding om fritak sjå til at fritaket blir gjennomført, og leggje til rette for tilpassa opplæring innanfor læreplanen.
       Skoleeigaren skal årleg informere elevane og foreldra til elevar under 15 år om reglane for fritak og om innhaldet i opplæringa.
       Elevar som har fylt 15 år, gir sjølv skriftleg melding som nemnt i første ledd. 

 

§ 2-4.  Undervisninga i faget religion, livssyn og etikk
       Religion, livssyn og etikk er eit ordinært skolefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.
       Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal gi kjennskap til kristendommen, andre verdsreligionar og livssyn, kjennskap til kva kristendommen har å seie som kulturarv og til etiske og filosofiske emne.
       Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal bidra til forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål.
       Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal presentere ulike verdsreligionar og livssyn på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte. Dei same pedagogiske prinsippa skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike emna. 

 

Søknadsskjema for fritak.










Felt merka med * må fyllast ut