Om Giske barnehage

Giske barnehage er eigd og vert dreven av Giske kommune. 

Giske barnehage starta opp på Nestun i 1985. Etter mange år i dårlege tilrettelagte lokale, flytta barnehagen i 2005 inn i nye lokalar. Barnehagen ligg sentralt midt på øya Giske, med kort veg til flotte turområder. Nærmaste nabo til barnehagen er skulen, med ei stor kunstgrasbane i mellom. Barnehagen har i dag tre avdelingar. Sommaren 2013 vart uteleikeplassen oppgradert. Våren 2019 fekk barnehagen oppgradert soveområde for småbarn.

Barnehagen har tre grupperom som nyttast av alle avdelingane. Den nærmaste turområdet til barnehagen er "Hundremeterskogen" med gapahuk og bålplass. I tillegg er det mange andre historiske områder og naturområder i barnehagens nærmiljø. 

Barnehagen har i dag med styrar 16,5 årsverk og oppfyller bemanningsnorm og pedagognorm. Opningstidene til barnehagen er 07.00 til 16.30.