Vikarar og andre

Her viser vi ei oversikt over anna personale i barnehagen.

Tilkallingsvikarar er ein viktig ressurs i barnehagen. Dei blir nytta når det oppstår fråvær ved sjukdom, permisjonar eller andre uforutsette hendingar. Ved å bruke tilkallingsvikarar kan vi sikre stabil drift og oppretthalde forsvarleg bemanning gjennom dagen. Dette er viktig for at barna skal møte trygge vaksne, få nødvendig omsorg og kunne delta i eit godt pedagogisk tilbod. 

 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Frå venste: Hanna, Erica, Fredrik og Anne Berit. Jeanne, Embla, Marianne, Ingrid, Vilde G og Vilde A utan bilde.

Det er variabelt kor mykje vikarane kan arbeide og kor mykje arbeid som er tilgjengeleg for vikarane. 

Hanna og Jeanne er assistentar jobbar allereie i vikariat i barnehagen. Hanna jobbar på Høvdingsetet onsdag og fredag og Jeanne jobbar på Vikingskipet eller dagar utanom torsdag. 

Erica er barne og ungdomsarbeidar og var lærling i Giske barnehage. Ho har no friår og jobbar som tillkallingsvikar med oss og fleire andre barnehagar. Embla og Fredrik er assistentar og kan jobbe med oss dei fleste dagar. Anne Berit er har jobba i Giske barnehage i mange år, men pensjonerte seg i fjor. Ho tek no nokre ekstra vakter.

I tillegg har vi Marianne, Ingrid, Vilde G og Vilde A som berre jobbar med oss sporadisk. Marianne er utdanna barnehagelærar og har jobba med oss i mange år som pedagogisk leiar. Ingrid og Vilde G tar utdanning som barnehagelærar. Ingrid er ferdig utdanna i 2027 og har fått ei fast stilling i Giske barnehage når ho fullfører studiet. Vilde G er barne og ungdomsarbeidar og har jobba i vikariat med oss før. Vilde A er utdanna vernepleiar og tek no vidareutdanning.